Open idrettshall i Øygarden kommune

Open hall er eit lågterskeltilbod der barn, unge og familiar kan møtast til leik, aktivitet og sosialt samvær i trygge og inkluderande omgjevnader. Tilbodet gir moglegheit til å vere fysisk aktiv utan krav om medlemskap, påmelding eller faste treningar.

Målet med open hall er å skape meir aktivitet, styrkje folkehelsa og gje fleire born og unge tilgang til gode møteplassar i lokalsamfunna våre. Når hallane ikkje er reserverte til arrangement eller organisert aktivitet, kan dei nyttast til open hall-aktivitet i helgane. Dette er i tråd med kommunen sine retningslinjer for bruk av idrettshallane.

Gjennom samarbeid mellom Øygarden kommune, idrettslaga og frivillige ønskjer ein å opne dørene for spontan aktivitet, leik og rørsleglede. Open hall handlar om meir enn idrett – det handlar om å skape møteplassar der alle kjenner seg velkomne.

Open hall er nå startet opp:

Sotra arena – søndager fra kl 1000-1300 – arrangør: Sotra Sportsklubb
Hjeltefjorden arena – søndager 1000-1300 – arrangør: Øygarden Idrettslag
Spildahallen – kommer snart

Alle søndager det ikkje er arrangement eller ferie.

Skrevet i Ukategorisert | Legg igjen en kommentar

Eit nytt år – nye muligheter for idretten i Øygarden

Øygarden Idrettsråd ser fram til eit idrettsår der vi saman med idrettslaga, kommunen og frivillige kan vidareutvikle gode aktivitetstilbod og arbeide for betre rammevilkår for idretten. Vi skal halde fram med å vere ei samla stemme for idretten og bidra til at flest mogleg får moglegheit til å vere aktive, oppleve meistring og finne sin plass i fellesskapet.

Det nye året gir rom for nye idear, nye samarbeid og nye mål. Samtidig skal vi ta vare på det som gjer idretten så verdifull: engasjementet, dugnadsånda og dei mange menneska som kvar dag legg ned ein innsats for andre.

Skrevet i Ukategorisert | Legg igjen en kommentar

Fordeling av treningstider i idrettshaller for sesongen 2026-2027

Fordeling av treningstider i kommunale idrettshaller i Øygarden kommune – 2026-2027

Fordeling-av-treningstider-2026-2027

Skrevet i Ukategorisert | Legg igjen en kommentar

Referater fra styremøter

Referater fra styremøter blir nå oppdatert fortløpende. Men det er mangler av noen referater.

Referater | Øygarden Idrettsråd

Skrevet i Idrettsrådssaker | Kommentarer er skrudd av for Referater fra styremøter