Open hall er eit lågterskeltilbod der barn, unge og familiar kan møtast til leik, aktivitet og sosialt samvær i trygge og inkluderande omgjevnader. Tilbodet gir moglegheit til å vere fysisk aktiv utan krav om medlemskap, påmelding eller faste treningar.
Målet med open hall er å skape meir aktivitet, styrkje folkehelsa og gje fleire born og unge tilgang til gode møteplassar i lokalsamfunna våre. Når hallane ikkje er reserverte til arrangement eller organisert aktivitet, kan dei nyttast til open hall-aktivitet i helgane. Dette er i tråd med kommunen sine retningslinjer for bruk av idrettshallane.
Gjennom samarbeid mellom Øygarden kommune, idrettslaga og frivillige ønskjer ein å opne dørene for spontan aktivitet, leik og rørsleglede. Open hall handlar om meir enn idrett – det handlar om å skape møteplassar der alle kjenner seg velkomne.
Open hall er nå startet opp:
Sotra arena – søndager fra kl 1000-1300 – arrangør: Sotra Sportsklubb
Hjeltefjorden arena – søndager 1000-1300 – arrangør: Øygarden Idrettslag
Spildahallen – kommer snart
Alle søndager det ikkje er arrangement eller ferie.